50 dagar til Stord Airshow – Nye deltakarar annonsert

I dag er det 50 dagar til Stord Airshow 2023, noko me markerer ved å sleppe ei solid oppdatering til flyprogrammet vårt. Frå Biltema kjem to legendariske fly frå andre verdskrig, Spitfire og P-51 Mustang. Begge flya flyg oppvisning under Stord Airshow. I tillegg deltek Haugaland Modellklubb med fleire av sine propell- og jet-turbindrevne modellfly, som dei viser fram både i lufta og utstilt på bakken. Me runder av denne oppdateringa med Stord Flyklubb, som vil stille ut fleire av sine mikrofly. Desse nyttast ofte til skuleflyging ved lufthamna. Du finn meir informasjon om deltakarane under «Deltakarar».