Portane opnar for publikum kl. 10:00 og stenger att kl. 17:00.
Sjå detaljert program nedanfor.
PRAKTISK INFORMASJON
Opning/stenging:
Billettar:
Sjå «Billetter» øvst på denne sida for meir informasjon.
Me anbefaler alle å kjøpa billetter på førehand, men ein kan og kjøpa billett ved ankomst lufthamna på arrangementsdagen.
Sistnemnde billettar kostar noko meir og betaling med Vipps eller kort er foretrukke.
Det blir billettkontroll ved inngang til flyplassområdet, så hugs å ta godt vare på billettane.
Parkering:
Det blir i fyrste omgang lagt opp til parkering på lufthamna sine område og parkeringsplassar.
Deretter vert det fjernparkering med gratis shuttlebuss til/frå flyplassen.
Skilting langs vegen vil bli oppdatert fortløpande. Kjør derfor mot flyplassen, så sant ikkje anna er opplyst langs vegen.
Fjernparkering vert tatt i bruk etter følgande rekkefølge:
Nr1) Stord Konferansesenter(Rutle)
Nr2) Nysæter kyrkje/Nysæter ungdomskule,
Nr3) Solidbanen øvre/nedre.
Det vert satt opp shuttlebussar som vil gå kontinuerleg til/fra flyplassen fra ca. kl 10.30, med oppstart ved Stord Konferansesenter(Rutle).
NB! Shuttlebussane køyrer ikkje til/fra Nysæter/Solidbanen før plassane ved Stord Konferansesenter(Rutle) er fylt opp.
Me oppmodar alle om å vera ute i god tid slik at du rekk det du ønsker å få med deg av arrangementet.
I tillegg ber me om at besøkande køyrer samla i same bil der dette er mogleg.
PARKERING LANGS FLYPLASSVEGEN ER IKKJE TILLATT, DÅ EIN MÅ HA FRI FERDSEL VED EI EVT. UTRYKKING.
FEILPARKERTE BILAR VERT FJERNA FOR EIGARS REKNING.
Program:
10:00. Portane opnar – Rundflyging startar – Statisk utstilling av fly.
11:30. Brannbamsen Bjørnis
12:30. Pause rundflygingar – Statisk utstilling avslutta – Modellflyging.
13:00. Offisiell opning – Fallskjermhopp – Flyoppvising startar.
15:00. Flyoppvising avslutta – Rundflygingar held fram.
17:00. Portane stenger.
(Med atterhald om endringar)
Inne på området:
Hovudområdet for publikum blir lengst inne på området, mellom Stord Flyklubb sitt klubblokale og hangaren der DAT sitt rutefly står parkert. På dette området kan ein betrakte ulike luftfartøy på statisk utstilling før flyoppvisinga startar.
Det er satt opp fleire kioskar der det blir salg av is, brus og pølser m.m.
Ein vil og finna toalett fleire stadar inne på området.
For dei minste blir det innslag med Brannbamsen Bjørnis ved det raude bygget til Stord Flyklubb klokka 11:30.
Det er og satt opp to gratis hoppeslott for dei mest spretne.
Utanfor terminalbygget vil ein finna område for rundflyging med Dakota Norway.
Det blir satt opp ein del bord og sitteplassar, men det er begrensa tilgang til desse.
Ta difor med eigen stol om du vil vera sikra ein plass å sitte.
Kart over stemneområde;

Rundflyging:
Dakota Norway tilbyr rundflyging i landets einaste operative DC-3, bygd i 1943.
Det er plass til 19 passasjerar, og kvar rundflyging tar 20-25 minutt.
Pris: Vaksne: 950,- Born (u/15 år): 450,-
Rundflyingar finn stad utanfor terminalbygget i perioden 10:00 – 12:30 og etter kl. 15:00.
(Det blir ingen rundflygingar medan det pågår flyoppvising.)
Kontakt Dakota Norway sine representantar under arrangementet for å bestilla tur.
Anna:
* Pass på at du møter opp i god tid, spesielt hvis du skal parkere først, så du ikkje går glipp av noko.
* Klè deg etter vêret. Hugs solkrem, eller regntøy om solstrålene er av det våte slaget.
* Merk at det ikkje er tillatt å ta med kjæledyr, alkohol, eller grillutstyr inn på flyplassområdet.
* Røyking og bruk av e-sigaretter er kun tillate på anvist område.
Det er venta fleire fly som bråker nok til at det kan vera skadeleg for hørselen. Så pass godt på øyrene og hugs hørselsvern til dei minste.
For besøkande fly:
Det blir innført PPR for alle besøkande luftfartøy inn til Stord lufthamn (MyPPR vert ikkje nytta denne dagen)
Ta kontakt med tårnet i god tid i forvegen på ltt@stordlufthamn.no eller tlf 53 40 37 10 for tildeling av slot.
Flygarar som ikkje har førehandsavtale om PPR-slot innan 30. mai risikerer å bli avvist.
Alle flygarar oppfordres til å levere flightplan både inn og ut av lufthamna.