
Konkurranse: Vinn tur for 3 med Forsvarets redningshelikopter.
Luftforsvarets 330 skvadron tilbyr 3 heldige personar på Stord Airshow å vere med på ein flytur i landets nye redningshelikopter, AW101 “SAR Queen”, under Stord Airshow laurdag 10. juni. Vinnarane blir henta med helikopteret på Stord lufthamn og får ein kort rundtur i området, i tillegg til å få vera med om bord under helikopterets oppvisning. For meir informasjon og deltaking i konkurransen, besøk vårt Facebook arrangement. (Søk “Stord Airshow 2023” på Facebook.)

Redningshelikopter og EL-fly til Stord Airshow
Med to veker igjen til Stord Airshow 2023 kan me dele nyheita om at Luftforsvarets 330 skvadron på Sola deltar med eitt AW101 «SAR Queen» redningshelikopter til flyoppvisninga. I tillegg kjem det første heilelektriske flyet som er sertifisert i Europa for å tilby korte rundturar for dei som ønsker det. Flyet kjem i regi av Norges Luftsportsforbund. Til slutt eit privateigd experimental helikopter av typen RotorWay A600S Talon som vil stå på utstilling.

Billettar til Stord Airshow i sal no!
Billettane til Stord Airshow 2023 er no endeleg i sal. Du finn informasjon om dei ulike billettprisane samt lenke til billettkjøp under fana «Billetter» øvst på nettsida.

To nye veteranfly og eitt skulefly bekfrefta.
Frå Sola kjem to veteranfly som tenestegjorde under andre verdskrig. Leidulf Heskje viser fram sin Fieseler Storch, medan Norwegian Spitfire Foundation deltar med sin T-6 Harvard. Begge flyg oppvisning under Stord Airshow. I tillegg stiller flyskulen OSM Aviation Academy ut eitt av sine Cessna 172 skulefly på bakken.

Videoteaser for Stord Airshow!
Stord Airshow er berre nokre veker unna. Benytt ventetida til å kome i flystemning med denne videoteaseren om noko av kva du kan vente deg 10. juni på Sørstokken:

Historiske jagarfly til Stord Airshow 2023!
Flyvåpenets Historiske Skvadron kjem til Stord Airshow med heile 3 veteranjagarfly! To av flya er av typen deHavilland Vampire og har gjesta Stord Airshow tidlegare, medan det tredje flyet er ein MiG-15 som kjem til Sørstokken for første gong. Alle flya flyg oppvisning laurdag 10. juni.

Gult er kult – Tre nye fly til oppvisningsprogrammet.
Denne veka kan me bekrefte at det kjem to SAAB Safir frå Sola Flystasjon Flyklubb, i tillegg til ein Boeing Stearman frå Flesland. Alle flyg oppvisning. Dessutan er eit lekkert småfly lagt til den statiske utstillinga på bakken.

To fly frå Bergen bekrefta.
Denne veka kan me bekrefte deltakinga til to fly frå Bergen. Håvard Dale deltek med sitt YAK-50 akrofly og vil fly oppvisning med dette. I tillegg kjem Flesland Flystasjon Flyklubb og stiller ut sin flotte Piper Cub på bakken. Du finn meir informasjon om alle deltakarane til Stord Airshow under fana «Deltakarar» øvst på sida.

50 dagar til Stord Airshow – Nye deltakarar annonsert
I dag er det 50 dagar til Stord Airshow 2023, noko me markerer ved å sleppe ei solid oppdatering til flyprogrammet vårt. Frå Biltema kjem to legendariske fly frå andre verdskrig, Spitfire og P-51 Mustang. Begge flya flyg oppvisning under Stord Airshow. I tillegg deltek Haugaland Modellklubb med fleire av sine propell- og jet-turbindrevne modellfly, som dei viser fram både i lufta og utstilt på bakken. Me runder av denne oppdateringa med Stord Flyklubb, som vil stille ut fleire av sine mikrofly. Desse nyttast ofte til skuleflyging ved lufthamna. Du finn meir informasjon om deltakarane under «Deltakarar».

Første deltakar til flyoppvisninga er klar.
Bergen Aero Klubb kjem til Stord Airshow med sin American Champion Super Decathlon. Flyet har to seter og nyttast mellom anna til akrotrening. På Stord Airshow flyr det oppvisning.

Skulefly til statisk utstilling
Pilot Flight Academy kjem til Stord Airshow med eitt av sine to-motors skulefly av typen Diamond 42 Twin Star. For meir informasjon, klikk på «Deltakarar» øvst på sida.

Stord Airshow 2023
Laurdag 10. juni inviterer Stord lufthamn publikum til Stord Airshow 2023. Program for dagen er framleis under planlegging, men me kan lova flyoppvisning, utstilling av fly og helikopter på bakken, rundflygingar, og andre aktiviteter på bakken. Det vert og sal av kioskvarer. Meir informasjon og billettar til arrangementet kjem snart. Deltakarane til flyprogram og statisk utstilling vil bli annonsert kvar fredag fram mot Stord Airshow 10. juni.