STORD LUFTHAMN FEIRER 35-ÅRS JUBILEUM MED EIT SPEKTAKULÆRT SHOW

Laurdag 13. juni 2020 har Stord lufthamn gleda av å invitere publikum til eit fartsfylt flystemne på Sørstokken. Her kan store og små betrakte fly og helikopter av ulike slag, både på bakken og i lufta.

På denne sida kan du halda deg oppdatert på siste nytt om Stord Airshow 2020. Sida vert oppdatert med jamne mellomrom fram mot arrangementet.

Veteranhelikopter kjem til statisk utstilling.

21. februar. 2020: Pilot Christer Myhre kjem til Stord Airshow 2020 med sitt veteranhelikopter av typen Aerospatiale Alouette II. Helikopteret vart bygd i 1960 og har tenestegjort i både det tyske og franske forsvaret. Laurdag 13. juni stiller han ut helikopteret på statisk utstilling.

Spitfire og P-51 Mustang til Stord Airshow 2020!

16. feb. 2020: Biltema kjem til Stord Airshow med sine to legendariske fly Spitfire og P-51 Mustang. Flya spelte ei serdeles viktig rolle under andre verdskrig, og bidrog til at dei allierte styrkane gjekk seirande ut krigen. Begge flya er kjende for den flotte lyden frå sine Rolls Royce Merlin motorar. Spitfire var sist på Sørstokken i 2016, medan ein må nærare 20 år tilbake til sist det var ein P-51 Mustang på Stord. Under Stord Airshow 2020 flyg begge flya oppvisning.

To legendariske fly bekrefta til Stord Airshow 2020!

14. feb. 2020: I dag er det valentinsdagen, og då passer det fint å annonsere to fly som folk over heile verda har forelska seg i. I første omgang legg me ut ein liten video “teaser” på kva fly der er snakk om. Meir informasjon om dei to flya kjem snart.

Luftforsvaret flyg oppvisning med NH90.

7. feb. 2020: Luftforsvaret stiller med eit NH90 helikopter frå Haakonsvern til Stord Airshow. NH90 tilhøyrer 334 skvadronen og Noreg skal ha 6 slike maskinar som fregatthelikopter. Under Stord Airshow kjem helikopteret til å flyga oppvisning, samt stå på statisk utstilling.

Stord flyklubb stiller ut flya sine.

31. jan. 2020: Stord Flyklubb er sjølvskrevne deltakarar på Stord Airshow, og kjem til å stille ut sine fly under arrangementet. Du kan lese meir om flyklubben under “deltakarar”.

Billettar i salg no!

24. jan. 2020: Billettane til Stord Airshow 2020 er no lagt for salg.   Du kan kjøpa billetter og lese meir om dei ulike billettvariantene og prisane under “Billettar” øvst på denne sida.

Baltic Bees til Stord Airshow 2020.

21. jan. 2020: Det er med stor glede me kan annonsere at oppvisningsteamet The Baltic Bees kjem til Stord Airshow. Teamet har base i Jurmala i Latvia, og flyr 6 Aero L-39 jetfly. Under Stord Airshow 2020 flyg dei ei spektakulær oppvisning i tett formasjon, men og med innslag av tandem- og solooppvisning. Dette blir første gong det kjem eit oppvisningsteam til Stord, og det er i tillegg første gong Baltic Bees flyg oppvisning i Noreg.

Første hovudattraksjon er klar!

20. jan. 2020: Her kan du sjå kven som blir den første hovudattraksjonen ved Stord Airshow 2020. Meir informasjon kjem i morgon.

Forberedelsene til Stord Airshow 2020 er i gang

17. des. 2019: Stord lufthamn er for tida i full sving med å planlegge Stord Airshow 2020. Me kan ikkje røpe for mykje i skrivande stund, men me har håp om at dette skal bli eit stort og spektakulært arrangement. Informasjon om deltakarar, billettar, tidspunkt o.l kjem etterkvart.