Luftforsvarets Flygeskule bekrefter at dei planlegg å delta på Stord Airshow med eit treningsfly av typen SAAB MFI-15 Safari. Flyet nyttast til opplæring av militære pilotar og er til vanleg stasjonert ved Bardufoss Flystasjon. Laurdag 31. mai kjem flytypen for fyrste gong til Stord for å visa seg fram i lufta for publikum.
Heile vegen frå Tsjekkia kjem to sportsfly som vil ta del i den statiske utstillinga på bakken. Begge flya er av typen Ellipse Spirit og kjem i regi av flyprodusenten Ellipse Aero sine representantar, mellom anna selskapets testflygar, som vil promotera flya under Stord Airshow.