Går alt etter planen vil dei to veteran-jagarflya MiG-15 og Vampire avslutta Stord Airshow sitt flyprogram på spektakulært vis.
Oppvisinga vil, om vêr og vind spelar på lag, innehalde eit kort innslag av pyrotekniske effektar, som del av ein iscenesett luftoperasjon. Det er selskapet ProPyro som står for eksplosjonane. Dei har tidlegare samarbeida med mellom anna Kygo og Tysnesfest. Under Stord Airshow leverer dei smell og mindre eksplosjonar, medan Flyvåpenets Historiske Skvadron sine jagarfly er i lufta. Så ta hensyn til høyrsel og inntrykk, spesielt med tanke på dei yngste. Speaker vil informere om det pyrotekniske innslaget i forkant.