Frå Sverige har me fått ei ny oppdatering om deira innslag med SAAB Viggen. Dei kjem no med ein-seters modellen AJS-37 (sjå bilete), då den kamuflasjefarga SK-37 modellen er hindra av tekniske årsaker.
Så for å presisera; det blir oppvising med Viggen som planlagt. Det er derimot ikkje lenger venta at Viggen vil overfly rullebanen etter avgang når arrangementet er slutt, slik det tidlegare vart opplyst.