Frå Flyvåpenets Historiske Skvadron på Rygge kjem eit klassisk jagarfly av typen MiG-15.
Flytypen vart bygd av Sovjetunionen under den kalde krigen.
Då ein Nord Koreansk flygar valde å flykta frå landet med ein MiG-15, flaug han til Sør-Korea der amerikanarane overtok flyet, og kledde det i sine eigne fargar.
Flyet frå Rygge har difor US Air Force merker, og kjem til å flyga oppvisning på Stord for fyrste gong 31. mai.
Det kan nemnast at flyet er lagt ut for sal, og at dette difor kan vere fyrste og siste høve til å oppleva ein MiG på Sørstokken.