Frå Bergen kjem den erfarne flygaren Håvard Dale med sin Yakolev YAK-50, eit fly som passer utmerka til flyakrobatikk.
Håvard har deltatt fleire ganger tidlegare på Stord og vil nok også denne gang imponera mange på bakken med sine spreke manøvre i denne flotte maskinen.
I tillegg kan me annonsera første innslag til den statiske utstillinga på bakken under flystemnet. Stord Flyklubb stiller sjølvsagt ut sine ulike mikrofly, fleire av dei av typen Aeroprakt, importert frå fabrikken i Ukraina. Flyklubben har faktisk eksistert lenger enn lufthamna, då dei starta med sjøfly seint på 1960-talet.