Stord Airshow 2023

Laurdag 10. juni inviterer Stord lufthamn publikum til Stord Airshow 2023. Program for dagen er framleis under planlegging, men me kan lova flyoppvisning, utstilling av fly og helikopter på bakken, rundflygingar, og andre aktiviteter på bakken. Det vert og sal av kioskvarer. Meir informasjon og billettar til arrangementet kjem snart. Deltakarane til flyprogram og statisk utstilling vil bli annonsert kvar fredag fram mot Stord Airshow 10. juni.

Hovudattraksjonen til årets flystevne er på plass

Swedish Air Force Historic Flight (SwAFHF) kjem til Stord med sitt spektakulære SAAB J37 Viggen jagarfly. Flyet har tidlegare operert i det svenske flyvåpen, og kjem til å stå på statisk utstilling i tillegg til å fly oppvisning på Stord Airshow. Med sin etterbrennar (afterburner), blir dette truleg det råaste og mest bråkete innslaget som nokon gong har blitt vist fram på Stord. I tillegg til Viggen, kjem SwAFHF med ein Cessna Citation jet, som supportfly til statisk utstilling.