MiG-15 melder forfall til Stord Airshow 2023.

Med få dagar igjen til Stord Airshow, kom meldinga me håpa me ikkje sku få. Flyvåpenets Historiske Skvadron har meddelt at dei dessverre ikkje får anledning til å delta med sin MiG-15 på Stord, grunna tekniske utfordringar som har oppstått med flyet. Me ønsker likevel å presisere at dei to andre jagarflya, Vampire, begge kjem til Stord Airshow for å flyga oppvisning som planlagd. I tillegg har Sola Flystasjon Flyklubb bekrefta at dei kun flyg oppvisning med eitt av sine to SAAB Safir treningsfly, då det andre flyet står på bakken for vedlikehaldsarbeid.