Redningshelikopter frå Luftforsvaret.

Luftforsvarets 330 skvadron planlegg å fly ein demonstrasjon med eitt av sine AW101 redningshelikopter under Stord Airshow. Helikoptertypen, som i Noreg har fått tilnamnet “SAR Queen”, vart fasa inn i teneste i 2020, og har no erstatta Sea King helikopterene. AW101 er produsert av Leonardo i England og Italia, og totalt 16 slike helikopter er i teneste ved 330 skvadronen. Deltakinga under Stord Airshow kjem med atterhald om endring grunna operative eller vêrrelaterte årsaker.

Bjørnis kjem til Stord Airshow!

Det er ikkje berre i lufta det blir action under Stord Airshow 2025. Det blir og underhaldning for dei yngste på bakken. Sjølvaste Brannbamsen Bjørnis kjem til Sørstokken og det blir anledning å helse på han for alle som vil. Bjørnis er tidenes største satsing på brannførebyggande kommunikasjon med born som hovudmålgruppe. Prosjektet bygger på tanken om at brannvernopplæring for born er ein av grunnpilarane i brannførebyggande arbeid.

Vinn billettar med DAT.

Visste du at alle som kjøpar billett til Stord Airshow før 30. mai, er med i trekkinga av to gratisbillettar med DAT mellom Stord og Oslo (v.v.)? Vinnaren vil bli annonsert av speaker under arrangementet laurdag 31. mai. Du kan bestilla billett til Stord Airshow ved å klikka på «Billettar» øvst på sida.

Fallskjermhopping startar flyoppvisinga.

Årets oppvisingsprogram sparkast i gong av Bergen Fallskjermklubb som kjem til Stord Airshow med eit par hopparar, samt deira trufaste Cessna 182, kjend som «Malvin». Flyet har plass til totalt 4 hopparar samt ein flygar. I tillegg kan me annonsera eit nytt innslag til den statiske utstillinga, då Skyfalk vil stilla ut ein SAAB Safir som tidlegare har tenestegjort i både det Norske og Svenske luftforsvaret. For meir informasjon, sjå «Deltakarar».

Grunna den tragiske ulukka utanfor Os tysdag 1. april, kjem ikkje Bergen Aero Klubb til å delta på Stord Airshow med Super Decathlon, slik det tidlegare vart annonsert. Våre tankar går til Bergen Aero Klubb og dei etterlatte til dei to som omkom i ulukka.

Dakota Norway kjem til Stord Airshow

Dakota Norway kjem til å driva rundflyging under årets flystemne med deira flotte DC-3. Dette blir fyrste høve på 15 år til å sitte på med veteranflyet under eit arrangement på Stord. Meir informasjon om Dakotaen og prisar for rundflyging finn du under «Deltakarar» øvst på sida. I tillegg har me eit nytt innslag til den statiske utstillinga, der Os Aero Klubb stiller med sin Piper Super Cub, som til dagleg vert nytta som slepefly for seilfly. Flytypen var eit vanleg syn på Sørstokken, spesielt dei første åra etter flyplassen opna.

El-fly og veteranfly til Stord Airshow.

Denne veka kan me annonsera eit nytt innslag til flyprogrammet. Noregs Luftsportsforbund kjem til Stord med deira El-fly av typen Pipistrel Velis Electro. Dermed vil det for fyrste gong bli flyoppvising med eit heilelektrisk fly på lufthamna. Det vil og etter planen vera råd for eit par personar å kjøpa seg ein rundtur med El-flyet. Les meir under «Deltakarar». I tillegg er eit nytt fly bekrefta til statisk utstilling, då Skyfalk stiller med ein Piper Cub frå 1968, måla i fargane til det Belgiske Luftforsvaret.