Rundflygingar under Stord Airshow 2023

Under Stord Airshow kan publikum få høve til å vera med på rundflyging i veteranfly, helikopter og til og med El-fly. For info om dei to førstnemnde, sjå biletet. Norges Luftsportsforbund tilbyr rundflyging med sitt El-fly i perioden 10:00-13:00. Flytid ca. 15 min, pris kr. 300,-. Det er berre plass til ein passasjer om gangen og det blir eit begrensa antal turar, så her er det «først til mølla» som gjeld. Ta kontakt med representantane ved flyet under arrangementet for å kjøpa tur. For meir informasjon om flya og helikopteret som skal driva rundflyging, sjå «Deltakarar» øvst på sida.

Rundflyging med veteranfly og helikopter.

Under Stord Airshow blir det tilbod om å vera med på rundflyging med både veteranfly og helikopter. Warbirds of Norway deltek med sin Max Holste Broussard, som har plass til 5 personar i tillegg til flygaren. Pris for ein tur på ca. 20 min er kr. 700,- pr. person. Frå Helitrans kjem eit Airbus H-125 helikopter, som vil kunna ta med seg 6 personar på kvar tur. Dette kostar kr. 600,- pr. person, og turen tek ca. 10 minutt. Rundflyginga finn stad i perioden 10:00 – 13:00 og eventuelt etter flyoppvisninga er avslutta rundt kl. 16:00.

Underhaldning for dei minste på Stord Airshow!

Kanskje den største annonseringa for dei minste! Det er ikkje berre i lufta det blir action under flystemnet. Det blir og underhaldning for dei yngste på bakken. Sjølvaste Brannbamsen Bjørnis kjem til Stord Airshow og det blir anledning å helse på han for alle som vil. Som om ikkje det var nok, skal me og få svaret på spørsmålet; Kven er raskast, den raude eller den gule brannbilen? Svaret kjem i 12-tida, 10. juni, då Brann og Redningstenesta arrangerer kappløp med sine to brannbilar. Sist, men ikkje minst, blir det gratis hoppeslott for dei minste, i regi av Fylkesnes Bil.

Konkurranse: Vinn tur for 3 med Forsvarets redningshelikopter.

Luftforsvarets 330 skvadron tilbyr 3 heldige personar på Stord Airshow å vere med på ein flytur i landets nye redningshelikopter, AW101 “SAR Queen”, under Stord Airshow laurdag 10. juni. Vinnarane blir henta med helikopteret på Stord lufthamn og får ein kort rundtur i området. For meir informasjon og deltaking i konkurransen, besøk vårt Facebook arrangement. (Søk “Stord Airshow 2023” på Facebook.)

Redningshelikopter og EL-fly til Stord Airshow

Med to veker igjen til Stord Airshow 2023 kan me dele nyheita om at Luftforsvarets 330 skvadron på Sola deltar med eitt AW101 «SAR Queen» redningshelikopter til flyoppvisninga. I tillegg kjem det første heilelektriske flyet som er sertifisert i Europa for å tilby korte rundturar for dei som ønsker det. Flyet kjem i regi av Norges Luftsportsforbund. Til slutt eit privateigd experimental helikopter av typen RotorWay A600S Talon som vil stå på utstilling.

To fly frå Bergen bekrefta.

Denne veka kan me bekrefte deltakinga til to fly frå Bergen. Håvard Dale deltek med sitt YAK-50 akrofly og vil fly oppvisning med dette. I tillegg kjem Flesland Flystasjon Flyklubb og stiller ut sin flotte Piper Cub på bakken. Du finn meir informasjon om alle deltakarane til Stord Airshow under fana «Deltakarar» øvst på sida.